Produktomtale – Sykkeljakke til vår/høst fra Birk
23. January 2018
FUJI – Deres historie frem til i dag
30. January 2018

Vintersykling – Bruk av sykkel på sti om vinteren

I skrivande stund laver snøen ned på austlandet, og lagar både trafikkaos og vinteridyll på samme tid. Både rekordvinter og god gamaldags vinter er uttrykk som blir brukt. Det blir køyrt opp milevis med skiløyper, men snøen dannar og eit supert grunnlag for ei knallfin sykkeloppleving. Det kan me blant anna takka hundar, og deiras eigarar for, samt andre som går opp stiar i skogen på føttene. Ein smal fin sti blir danna som er kjempefin å sykle på, og jo fleire som nyttar stien enten på beina, på ski eller med sykkel, jo betre blir den. Som regel blir det gått opp stiar der det er ein sti under snøen frå før av. Så stiar du sykler på sommarstid kan vera vel så bra om vinteren.

Når fungerer vintersykling best?

Skal stien funke for vintersykling, iallefall med ein vanleg terrengsykkel må snøen vera nokså hardpakka. Synker ein meir enn eit par tre cm ned i snøen blir det ikkje noko serleg å sykle. Har ein fatbike kan det vera lausare, då breie dekk fordeler trykket mykje betre. Vanlege “sommardekk” kan funke heilt fint på snøføre, så lenge det ikkje er rein is. Men om ein har ein transportetappe til og fra skogen så er det greit å ha piggdekk om føret på vegen tilseier det. På fatbike har piggdekk liten effekt, og etter mi meining gjer det berre tjukkassykkelen tyngre og treigare. Som regel får ein bra grep på snøen utan pigg.

På strava kan ein avogtil sjå at sti-KOMar er satt midtvinters, og det er ikkje utan grunn. Snøen kan gjer ellers knotete stiar om til reine fartsstripa, (om enn ei smal fartsstripe), som lett kan innby til høg fart. Røtter og tein som på barmark er krevande å forsere blir nermast nulla ut av snøen. Det betyr ikkje at det treng bli lettare, ettersom det kan vera veldig laust rett utanfor “idealsporet” og kjem ein litt utanfor i høg fart må ein vera skjerpa for å halde kontrollen.

Hva er nødvendig av utstyr og klær?

Det er lettare å halde varmen på sti enn på veg, så ein treng ikkje like mykje kler. Har ein transportsykling først kan det vera fint å ha ein sekk på rygge der ein kan putte litt ekstra kler. Vottar eller hummerhanskar fungerer fint til vintersykling på veg, men dårlegare på sti, då det gjer det vanskeleg å få bra grep om styret samtidig som ein kan bremse skikkeleg. Her er hansken som har peikefingeren fri genial. Denne sykkelhansken kan du få kjøpt her.

Så snø og vinter treng på ingen måte bety at terrengsykkelen må stå inne til våren kjem! Kom deg ut og prøv om du ikkje har gjort det før! Men husk å ta hensyn til andre som er ute. På ein smal sti i snøen er det ikkje alltid det er så lett for fotgjengarar å berre ta eit skritt til sida. Vis hensyn og la strava vera strava, sjøl om ein kanskje kan vera på veg til å sette ei god tid :-) Utan fotgjengarar blir det færre stiar!

 

Vintersykling - Bruk av sykkel på sti om vinteren   Vintersykling - Bruk av sykkel på sti om vinteren

Kommentarer

kommentarer

Lars Granberg
Lars Granberg
Terrengsyklist for Birk Sport Racing i grena maraton (XCM). Innehar de beste norske resultatene i VM, verdenscup og de største etapperittene. Flere NM medaljer.