Offseason – Mine treningstips til deg utenfor sesongen
27. november 2017
Skadefri – Slik holder du deg skadefri i vinter
16. januar 2018

Sykkellykt – En helt ny sykkelopplevelse

Den mørke tida av året er over oss og det opnar opp for ei heilt anna type sykkeloppleving enn ein får ellers i året. Å sykle med lykt i mørket på smale stiar i skogen oppleves heilt annleis enn på lyse sommarkveldar. Lyktene har blitt så gode dei siste åra at det ikkje lenger går an å skulde på dårleg lys eller store, tunge og klumpete lysanordningar. Billige og lett tilgjengelege har dei også blitt.

For å sykle på sti i mørket likar eg best å ha lykta på hjelmen. Då veit eg at det alltid lyser på der eg retter blikket. For stisykling treng ein eindel lys, og eg vil anbefale ei lykt som gir rundt 4000 lumens, og som lett kan festes framme på hjelmen med eit hjelmfeste som passar lykta. Batteriet er som regel ikkje større enn at det går fint i baklomma på sykkeljakka. Om ein bruker sekk er det iallefall god plass. Eg har alltid batteriet i lomma, og så trekker eg ledningen opp langs ryggen på innsida av jakka opp mot hjelmen. Då hekter den ikkje i greiner eller anna når eg er ute. Har ein også ei svakare sykkellykt, rundt 1000 lumens som er fastmontert på styret så er ein godt dekka for morsom lyktesykling! Er ein ute eindel timar er det  lurt å skru ned lysstyrken på transport og grusvegar, før ein skrur opp styrken igjen når ein kjem inn på sti, der det trengs mest lys. Det er lite kjekt å gå tom for batteri langt heimefrå! Sjekk ut utvalget Birk Sport har av sykkellykter her.

For transportsykling langs vegen/sykkelvegar, som til dømes til og frå jobb, held det som regel lenge med styremontert lys. Er det greit opplyst med gatelykter og lys frå bygg o.l treng ein gjerne ikkje lys for å sjå, kun for å bli sett. Dette er det mange som ikkje forstår verkar det som. Eg har mange gonger blitt totalt blenda av folk som sykler den berømte Tour de Finance strekningen Oslo-Lysaker og det verkar nesten som det er om å gjere å ha mest mogleg lys. Denne strekningen er godt opplyst med gatelys, så lys for å sjå kor ein syklar er unødvendig. Har ein ei sterk sykkellykt så er faktisk det beste å rette den litt ned mot asfalten så du ikkje blender alle som kjem i mot deg. Eit alternativ er også å vri lykta 180 grader slik at den peikar mot deg, gjerne med blinkefunsjonen på. Mange har på seg ei gul jakke, eller refleksvest og då vil jakka/vesten lyse godt opp, noko som gjer deg endå meir synleg, og utan at du blender andre. Vinn-vinn. Husk eit rødt lite baklys til å feste på setepinnen.

Har du ikkje prøvd å sykle i mørket med skikkeleg lys så er det berre å prøve! Det å komme seg inn på ein utrafikkert mørk grusveg, gjerne snødekt, med sykkellykt på hjelmen eller styret (eller begge stader..) er ei fantastisk sykkeloppleving!

Kommentarer

kommentarer

Lars Granberg
Lars Granberg
Terrengsyklist for Birk Sport Racing i grena maraton (XCM). Innehar de beste norske resultatene i VM, verdenscup og de største etapperittene. Flere NM medaljer.