Motbakkesykling – Tips til teknikk og strategi i motbakke
25. august 2017
Hvordan ta det første steget for å realisere en drøm?
4. september 2017

Ultrabirken – Slik vant Lars Granberg Ultrabirken

Forberedelser til Ultrabirken

Ultrabirken er eit av få maratonritt med ordentleg lengde i Norge, og det var noko eg ville vera med på! Eg prøvde meg for første gong i fjor, men det viste seg å vera akkurat litt for tidleg etter kragebeinsbrot tidlegare på sommaren. Så då var det på ein måte greit at eg fekk ein solid punktering etter kun ein god halvtime for eit år sidan. Derfor ville eg gjerne gjere det godt i årets ritt, og skjerpa treningsøktene i august inn mot Ultrabirken. Uthaldenheita mi har alltid vore min styrke, men i år har den vore litt meir ustabil. Tidvis, blant anna på Montebellorittet og Nordsjørittet, har eg berre daua mot slutten. Det måtte eg prøve å få gjort noko med ettersom Ultrabirken var forventa å vera omlag 5 timar for vinnaren.
Eg køyrde eindel solide treningsturar på 6-7 timar, blant anna ein 200km grustur i Nordmarka. Hardt når det stod på, men det hadde eg berre godt av!

Løypa blei sluppen måndag same veke som rittet ble arrangert. Onsdag før rittet lasta eg over gps-sporet for ein siste solide treningstur. Med fin vermelding tenkte eg eg liksågodt kunne ta den i løypa. Eg parkerte bilen på Nordseter og tråkka grusen inn til Pellestova kor starten skulle vera. Så fulgte eg løypa i eit halvhardt tempo heilt til Birkebeineren Skistadion, der eg istadenfor å ta dei siste kilometrane ned til målgangen ved Håkons Hall tok opp igjen til Nordseter. Dermed fekk eg køyrt ganske nøyaktig 95% av løypa. Pluss litt før og etter, som tilsaman gav ein tøff treningstur på 6,5 timar i «lapskaussona». Eg var skikkeleg sliten etterpå, men synes alltid det er ein fordel å ha vore gjennom løypa til ritta eg køyrer, i sin heilhet. Det er alltid fint å vite sånn omtrentleg kva som kjem.

Dagen etter tok eg heilt treningsfri, før eg sykla halvanna time med tilsaman 15 min «vekkedrag» på fredag formiddag før avreise til Hafjell. Eg var ganske sikker på at formen var bra nok til å vinne, og la ein plan om å berre køyre jevnt hardt frå start og håpe på at ein eller anna gong før målgang hadde alle dei andre falt av lasset. Men det er også mykje som kan skje. Det er viktig å unngå alle former for tekniske problemer, samt å få i seg mat og drikke.

Gjennomføring

Starten gjekk og eg kom meg først opp den første lille bakken. Dermed var eg også først ned i downhill-løypa i Hafjell. Det var sikkert nokon som syntes eg køyrte litt for sakte så det smatt ei par stk forbi meg i bånn. I klatringa opp igjen til toppen av Hafjell satte eg berre min fart og når me var tilbake på Pellestova for «runding» var det blitt god spredning. Tor Halvor Bjørnstad-Tuveng og Greg Saw hang på vidare over Reinsfjell og Hitfjell, før eg seig litt meir i frå før me entra dagens lengste grusparti langs Lie Hornsjøvegen. Der venta Greg på meg og me køyrte litt i lag bortover. Hadde selskap av Greg til litt før Mellshøgda, før me kom til Elgåsen. Herfrå og inn til mål seig eg i frå meir og meir. Oppover køyrde eg hardt, men kontrollert og nedover dei mest rufsete partia køyrte eg på den sikre sida utan å ta nokre sjansar. Var heile tida småredd for å gjere noko dumt, som å dra på meg ein punktering eller å køyre feil. Det skulle vise seg at det var verdt gjennomkøyringa eg hadde tidlegare i veka, då løypmerkinga på rittdagen var litt mangelfull her og der. Sjøl om eg hadde sykla igjennom på førehand var det fleire stader eg var litt i tvil om eg var på rett veg.

Men alt gjekk fint, og dei to siste timane kunne eg aldri sjå nokon bak meg. Så kjende meg ganske trygg på at eg ville vinne. Dermed gjekk det heilt etter planen, og eg trong verken gi absolutt alt eg hadde, eller gå i kjellaren på slutten. Sykkelen, Birk Attack funka perfekt, og dermed var det ein fin tur i tet frå start til mål. For å lese mer om sykkelen jeg brukte klikk her.

Ultrabirken - Slik vant Lars Granberg Ultrabirken

Foto: Per-Eivind Syvertsen

Kommentarer

kommentarer

Lars Granberg
Lars Granberg
Terrengsyklist for Birk Sport Racing i grena maraton (XCM). Innehar de beste norske resultatene i VM, verdenscup og de største etapperittene. Flere NM medaljer.