Wattbasert trening – Hvordan trene med watt i triatlon?
12. July 2017
Ernæring – Slik får du maksimalt utbytte av treningen din
18. July 2017

Terrengsykkel – Hvilken type terrengsykkel bør jeg velge?

Kva er viktig å tenke på når ein skal kjøpe ny terrengsykkel?

Har du tenkt å skaffe deg ny terrengsykkel, men er usikker på kva slags type du burde velge? Her er ei lita rettleiing som kanskje kan hjelpe litt på veg.
Det første ein må velge ut frå erbruksområde. Ein terrengsykkel brukes på alt frå asfalt- og grusveg til hårete utforterreng så det er greit å ha ein sykkeltype som passar til det den skal nyttas mest til.

Skal ein sykle mest markaturar på fin grusveg og kanskje litt lett sti innimellom, eller kanskje Rallarvegen, er ein halvdemper å foretrekke. Demping foran gir komfort for overkroppen, og betre kontroll nedover og i svingar. Halvdemperar finnes i alle prisklassar og generelt får ein det ein betalar for. Skal ein bruke rundt ti tusen kroner kan det vera lurt å sjå etter ein terrengsykkel med aluminiumsramme. Alu-ramma er billigare enn ei karbonramme og ein vil då få ein sykkel med betre komponenter enn ein karbonsykkel til samme pris. Vil ein legge meir i det vil eg gjerne trekke fram modellen Birk Next 29. Dette er den modellen eg synes gir mest sykkel for pengene. Tipp topp komponenter over heile linja gjer det til ein knallgod terrengsykkel eg fint kunne ha brukt i ritt. Les mer om sykkelen ved å klikke her.

For meir stiprega turar og turar der ein vil ha litt meir komfort er ein lett fulldempar, som Birk Attack, tingen. Med demping både foran og bak flyter ein lettare og meir komfortabelt gjennom terrenget. Ein får betre grep mot underlaget og fordi sykkelen sluker mykje at humpinga og ristinga kan ein likevel sitte og halde trøkket i pedalane. Dette er sykkeltypen som er best egna for dei fleste terrengritt i Norge, spesielt dei ritta med høg andel sti og terreng som t.d Terrengsykkelrittet og Bukkerittet. Likevel bruker fleire og fleire ein rittfulldempar til blant anna Montebellorittet og Grenserittet, då det viser seg at den type sykkel er vel så rask. Heildempa syklar koster litt meir enn halvdempa og den krev også litt meir tilsyn.

Det finnes også heildempa syklar som er endå meir retta mot stisykling enn det Birk Attack-serien er. Desse stisyklane har då meir vandring i demparane, både foran og bak, kraftigare bremser, samt ein slakkare styrevinkel som gjer at ein kan køyre endå fortare nedover. Til gjengjeld er dei også tyngre og ikkje så kjappe oppover. Det finnes også halvdempa stisyklar. I tillegg til 29 hjulstorleik, som er det som er blitt mest vanlig dei siste åra, finnes det også 27,5 som er eit hakk mindre. Som om ikkje det var nok er det laga ein 27,5+ variant for stisykkelsegmentet som er ein mellomting mellom vanlege terrengsykkelhjul/dekk og fatbikedekk.

Det er med andre ord mange forskjellige kategoriar innan terrengsyklar og forskjellige modellar innanfor dei forskjellig kategoriane igjen. Veit ein bruksområdet og prisklassen sitt blir det lettare å velge. Ta gjerne turen til sykkelbutikken for å kikke og prøve litt, det anbefales!

Hvilke terrengsykkel har du?

Terrengsykkel - Hvilken type terrengsykkel bør jeg velge?   Terrengsykkel - Hvilken type terrengsykkel bør jeg velge?

Kommentarer

kommentarer

Lars Granberg
Lars Granberg
Terrengsyklist for Birk Sport Racing i grena maraton (XCM). Innehar de beste norske resultatene i VM, verdenscup og de største etapperittene. Flere NM medaljer.