Elsykkel – Vedlikehold av Elsykkel
22. juni 2017
Grenserittet – Tips til gjennomføring av sykkelritt
26. juni 2017

Treningsprogram for syklister – Trening før sesongstart

Våren er her, asfalten er tørr og stiane i skogen byrjar å komme fram under snøen. For de som har meldt seg på sesongens første ritt og gjerne vil gjer så godt dei kan i desse, er det no tid for å trøkke til litt meir på treninga. For mange har treningsvinteren vore fylt med traust jobbsykling, lange drag på rulle, spinning, langrenn eller anna aktivitet som fort er annleis ein rittsykling. Med litt god førebuing og eit bra treningsprogram kan det bli ei rett så god oppleving sjøl om det er lenge sidan forrige sesongs siste ritt.

Treningsprogram – To alternative treningsøkter

Eg har to typar økter som eg synes er bra på våren og begge to trur eg ein mosjonist også ville ha god nytte av. Den eine er ei partempoøkt, som gir bra trøkk i beina og er motiverande å gjennomføre. Få med deg ein sparringspartner og trøkk til med til dømes 30 sekund til eit minutt kvar i front. Då får ein trøkke til, og henta seg litt inn annakvar gong. Å kjøre eit langt drag på 30-60 minutt samanhengande er fint for å trene på den første timen i ritt. Ein kan også køyre meir tradisjonelle typar drag som 3x10min eller liknande. Dette er økter som gjer godt for køyrestyrken, både i landevegsritt og terrengritt.

Ein annan type økt som eg likar godt er ein kombinert motbakkeintervall og teknikkøkt. Det kan eg gjer i ein kort bakke på alt frå 30-40sek til lengre bakkar på fleire minutt. Felles for begge er at det er ein stisnutt ned igjen. Køyr så hardt du klarar oppover, og sving rett ned igjen når du er på toppen slik at du går inn i utforkøyringa med både puls og småstive bein. Då gjeld det å hente seg best mogleg inn, medan du køyrer så godt du kan på stien nedover. Gjerne asfalt eller grus oppover, men det er heller ikkje dumt å køyre same stien opp og ned. Ei samla dragtid på mellom 15 og 30 minutt kan passe bra her. Er det ein kort bakke og ein tenker å ha tid til fem minuttar intervallar køyrer ein opp og ned til fem minutt har gått.

Hugs at slike økter krev litt restitusjonstid, så ikkje overdriv andelen anna trening i tillegg. Då blir det fort tungt. Hald på overskotet inn mot konkurransane, så vil desse øktene kunne gi ein ekstra boost som vil gjer rittsykling endå kjekkare. Lykke til!

Treningsprogram for syklister - Trening før sesongstart

Kommentarer

kommentarer

Lars Granberg
Lars Granberg
Terrengsyklist for Birk Sport Racing i grena maraton (XCM). Innehar de beste norske resultatene i VM, verdenscup og de største etapperittene. Flere NM medaljer.